"Tante" Svanhild var et sjeldent flott menneske. Hun hadde omsorg for "alle". Hun lagde garantert verdens beste pannekaker. Snakk om solstråle. Gleder meg til vi treffes igjen.
Kjære Svanhild, du var så mykje for så mange, eg vil minnast deg som den kjæraste ven som alltid synte omtanke, interesse for og var opptatt av korleis det gjekk med oss andre, og om vi hadde det bra. Du lærte oss å vere takksame for livet, at vi har det så godt, og ikkje minst takksam for at vi kan ha Jesus i liva våre om vi ynskjer. Saknet kjennest sårt og tomt, men vi skal fylle det med takksemd for at vi blei alle betre menneske av å kjenne deg.
Kjære gode tanta mi. Du har vore det største forbildet eg nokon gong har hatt. Du sa alltid: "eg har så mykje å takke for". Sjølv om du hadde storte smerter i kroppen din, var du takksam og positiv. Du var visdomsfull, romsleg, raus, dyktig og på alle måtar vakker. Takk for alt du har vore for meg og mine. På gjensyn kjære tante.