Margot Kvernes Boge vart født 17. september 1929 på Kvernes, ein veglaus gard. Foreldra var Magda og Johannes Kvernes, og Margot var nummer tre i ein syskenflokk på seks jenter; Anny, Oline, Jenny, Eva og Hilma.
Margot fortalte at familien ikkje hadde mykje pengar, men at det alltid var rikelig med kjærleik i heimen deira og at ho hadde ein trygg oppvekst.
Ho begynte tidlig å hjelpe til, både i fjøset og på kjøkkenet, og hugsa at ho steikte fiskekaker i frå en krakk fordi ho ikkje nådde opp.
Margot var den einaste av søstrene som begynte på realskulen på Steinsland som faren var med på å starte opp. Ho meinte sjølv at fleire av dei andre søstrene var gløggare, men ho greip moglegheita til å studere vidare då ho fekk den. Ho klarte seg fint i alle fag, matematikken fall ho lettast.
Margot møtte mannen sin Erling for første gong på ein tur til Holmefjord. Ho la merke til ein kjekk kar med fint smil, dei snakka ikkje saman, men han hadde nok lagt merke til henne også, for ikkje lenge etter kom han til butikken ho jobba på i Bergen for å invitere henne på kino.
Margot og Erling feira bryllaup i 1956 og flytta til Boga der dei bygde seg hus. Margot vart teken vel imot av familien til Erling, og fekk eit godt forhold til svograr og svigerinner.
Erling og Margot fekk tre barn saman; Mona, Liv og Johannes. Erling arbeida på sjøen og var ofte borte i lengre periodar. Om sommaren reiste Margot og borna ofte til barndomsheimen hennar der dei hjalp til med slåtten, nokon gongar kom dei med båten kulingen som Margot styrte med stø hand. Margot var ei trygg og god mamma som alltid hadde middagen klar når borna kom heim i frå skulen. Dei hugsar at dersom ho ein sjeldan gong ikkje var heime var det tomt og rart i huset.
I 1984 mista Margot og Erling sonen brått i ei ulykke. Dette var ei stor sorg, men ho klarte gjennom gudstrua å gå vidare med livet etter at ho hadde en god drøm der ho fekk visshet om at Johannes hadde kome på ein god plass. Hun snakka sjeldan om dette.
Då Erling fekk slag sto Margot standhaftig på for å hjelpe han på beina igjen. Ho leigde seg hybel i byen for å vere nær sjukehuset og hjelpte han med både med fysisk trening og som hobby-logoped etter at han kom heim. Ho mista han i 1991, etter 2 -3 år med sjukdom og rehabilitering.
Margot arbeida på butikk i Bergen som ung jente, og var stundom vikar på butikken på Boga etter at ho kom dit. Ein periode arbeida ho som heimehjelp. Utan verken bil eller sykkel måtte ho gå over heile Bogøy, og vart sprek. Ho hadde gode minner frå kontakten med dei eldre. Ho fortalde om blant anna om ei dame som trengte hjelp til husarbeid, men alltid hadde full middag klar til henne etter at arbeidet var utført.
Det var stas når barnebarna kom, og ho passa Yngve og Anja mykje når dei var små. Ho var diplomatisk og respekterte foreldra, sa alltid da må dåke snakka med mammo og pappen om dersom dei prøvde seg med å få lov til ting. Ho følgde dei gjennom heile oppveksten, og vidare inn i vaksenlivet.
17. mai 1995 var ho på plass og tok stolt i mot Isabel og Debora den første dagen dei kom til Norge. Ho reiste ofte til Sola for å passe dei. Dei fortel at Margot sjeldan heva stemma sjølv om dei testa grensene litt, men når mormor ein sjeldan gong ropte bestemt no e da nok vart det ro, og kvar gong dei kom til Boga stod det alltid ei stor gryte med favorittretten deira betasuppa klar.
Ho var veldig glad i og stolt av alle barn, barnebarn og etterkvart oldebarn, og dei var glad i henne. Ho var kjempefornøyd på nittiårdagen sin då ho hadde nesten heile flokken sin samla.
Smak på maten du lagar så blir den god! fekk ho til råd frå husfrua då ho som ung jente arbeida som hushjelp for ein familie på Minde samtidig som ho gjekk på Handelsskulen. Dette rådet må ha fungert bra, for ho vart veldig flink til å lage mat.
Margot viste omsorg og kjærleik gjennom utallige gode måltid til familien. Nysteikte melkekaker var ein av hennar mange spesialitetar som me kjem til å sakna.
Ho orka ikkje verken lage eller ete mat den siste tida, men var likevel framleis oppteken av om me hadde fått mat, og spurte Mona om ho hadde på plass oppskrift for å få god svineribbe seinast eit par dagar før ho døydde.
Margot elska blomar og hadde grøne fingrar, ho fekk det til å bløma vakkert både i vindaugskarmane sine og ute i hagen.
Ho sette stor pris på natur og fjellturar, og var vill etter molter og moltekrem. Det var kjekt for henne å få vera med Hilma og Finn og Eva på tur. Ein periode var det tradisjon å reise på Hardangervidda med dei kvar haust. Ho elska å sjå dei flotte haustfargane. Mange gonger heiv ho seg også sporty med på fjellturar med Mona i både nærmiljø og til DNT hytter i Etnefjellene og Stølsheimen.
Heime var radioen godt selskap, ho likte å høyre fin musikk og følgje med på nyhende både i radio og aviser.
Margot levde eit roleg liv på Boga med fokus på borna så lenge dei budde heime, men etter kvar som økonomien vart betre og ungane var vaksne, vart ho meir eventyrlysten og begynte å reise. Ho var blant anna med på mange bankturar saman med andre pensjonistar med buss rundt omkring i Europa. Ho og Eva og Hilma reiste to gongar på stor USA-ekspedisjon lenge før det var vanleg å reise så langt bort. Inngangen til år 2000 feira ho saman med familien i Marokko, Marrakech. Heime på Boga vart etterkvart heile stoveveggen full av suvenir-fat frå ulike land.
Ho var med i fleire foreiningar, blant anna Saniteten. Men etterkvart som ho vart eldre var det helst systrene og venninna Britt som ho hadde kontakt med utanom familien.
Margot hadde god helse fram til ho vart operert for kreft då ho var 86 år. Etter det flytta ho til leilegheita til Liv og Trond på Lønnebakken. Sjølv om ho var veldig glad i huset sitt på Boga vart det for tungvint og einsamt der. På Lønnebakken hadde ho Mona og Steinar sitt hus i gangavstand, og ho følte ein stor trygghet med å ha dei i nærleiken. Dei var mykje saman, og ho og svigerson Steinar hadde stadig gode samtalar om kva som skjedde i bygda, og kven som var i slekt med kven.
Margot trives i Lønnebakken, og synes det var kjekt å bli Samning igjen. Ho likte godt å gå på pensjonisttreff, og etterkvart dagsenter, og sakna dette då det stoppa opp pga. korona.
Margot var personleg kristen. Ho fortalde at ho snakka ofte med han der oppe. Ho meinte at kjærleik og tilgjeving var den viktigaste bodskapen i kristendommen og levde etter det. Ho snakka sjeldan om trua si, men likte å høyre på gudstenesta i radioen, og å gå i kyrkja til jul. Det var stort for henne at ho fekk vere med på det eldste oldebarnet Theo sin konfirmasjon i september i år. Ho fortalde frå sjukesenga at trua hennar hadde vore ei viktig trøyst gjennom heile livet og at ho ikkje var redd for å døy.
Som menneske var Margot ein forsiktig og mild type, ho fortalde at ho tidleg i livet var svært beskjeden og ofte ikkje våga å seie kva ho meinte. Ho likte ikkje krangling og konfliktar og var opptatt av at alle i familien skulle kome godt overeins. Margot visste likevel kva ho meinte og ville, og kunne vere bestemt og tydelig når det var nødvendig. Ho sa sjølv at ho var blitt modigare med åra.
Margot representerte ein trygghet for familien, me var alltid velkomne hos henne. Me vil hugsa henne som både snill, raus, omsorgsfull, rettferdig, ærlig, klok og tolerant. Ho kritiserte oss sjeldan, me fekk vere som me var, ho var ei som såg det gode i folk.
Ho var ein forsiktig optimist, med livsmotto som:
Me får ta ein dag om gongen
Da blir vel ei råd (etter faren)
Me får ta da som kjem
Med knallgul boblejakke, stilige blå briller og godt humør verka Margot sprek og ungdommeleg for alderen, men dei siste åra vart helsa hennar gradvis dårlegare. Ho ville helst ikkje vere til bry, derfor var det berre dei næraste som fekk vita om plagene hennar. Mange andre (inkludert hennar eigen lege), synes det var vanskeleg å skjønna kor sjuk ho var fordi ho virka så kvikk når dei snakka med henne.
I februar i år opererte ho bort ein godarta svulst i hovudet, etter det fekk ho nokre gode månader før det begynte å gå raskt nedover igjen i haust. Ho følte og sa sjølv at det var kreften som var komen tilbake i kroppen, men det tok tid før dette vart medisinsk stadfesta. Ho sa då at ho hadde hatt eit godt og langt liv og ikkje orka meir behandling. Ikkje lenge etter fekk sjukdommen overtak. Margot budde heime heilt til ho vart innlagt på sjukehus 5.oktober. Etter utredning der fekk ho komma på Samnangerheimen på kortidsopphald. Familien var mykje saman med henne på sjukeheimen den siste tida og ho var veldig takknemlig for det. Ho sovna til slutt fredfylt og stille inn på luciadagen, medan døtrene Liv og Mona heldt henne i hendene. Ho vart 91 år.
Familien minnast Margot med kjærleik og djup takknemlighet.
Vis mer
Vis mindre