Takk for gode minner gjennom mange år.
Eg kjenner det på kroppen min at å miste bestemor etter mange år med sjukdommen Alzheimers, er rett. Alle skal døy. No var det bestemor sin tur.
Bestemor var ein av mine beste venner. Vi gjekk på turar, prata om alt, sang og dansa og hadde det kjekt ilag.
Bestemor forsvann med sjukdommen sin. Eg sørga litt og litt over lengre tid. For kvar gong eg såg at ein del av ho forsvann, blei eg lei meg, og kunne heldigvis snakke med familien min om det. Vi kjende alle på det same.
Eg har ikkje lyst å vere så forferdeleg trist no. Ikkje fordi det er feil å vere trist, men det er heller ikkje feil å kjenne på ein lettelse over at det som lenge skulle skje faktisk har skjedd. Sorgen over å miste bestemor har blitt fordelt over tid, og eg vil no bruke tida på å hente fram dei gode minnene eg har av bestemor.
Den varme dyna og fortellingane frå krigen
Dei gode godnattsongane
Fortellinga om pannekaka
Varm saft
Vidunderdrikk til den syke
Ei god hand å halde i på tur
Hoppetauhoppekonkurranse
Friskt heimelaga syltetøy
Prøvesmaking på handa
Krølling av hår
Strikking
Kjærleik
Bestemor var bestemor til 12 barnabarn
Bestemor såg alle
Ho skrøt og heia på alle
Ho gav omsorg til alle
Ho var ei fantastisk bestemor for alle <3
Tenker på dere.
Kjære tante Else. Takk for alle gode stunder. Hvil i fred. Anne, Bjørn, Karoline og Alexander
Tenker på dere.
Takk for gode minner.
En siste hilsen, hvil i fred kjære Else
Siste hilsen
Hjertet som banket for alle, for alltid har stilnet av. To flittige hender er foldet, som aldri tok, men gav. Verdig du gikk gjennom livet, var trofast, ærlig og snill. For alt du var for oss alle, vi minnes og takke vil.
Vi tenker på dere❤️
Det er eit privilegium å
kjenna savn.
Vondt, ja!
Og tungt.
Men det fortel om ein nærleik
som var.
Om varme, lys og
latter.
Det å savna er den andre sida
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna savn, ville vera
å aldri ha elska.
Bente Bratlund Mæland
Kjære tante Else❤️
En liten gave til minne om ei kjær tante. Alltid så sprudlende og blid.
Vi har så mange gode minner fra ferier sammen med deg og dine . Du vil bli savnet.
Mange gode tanker fra
Bente, Wenche og Evy med fam.